Vi søkjer dagleg leiar til Setesdal Regionråd

Vi søkjer dagleg leiar til Setesdal RegionrådSetesdal Regionråd (SR) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Vi har fire hovud arbeidsområda - infrastruktur, interkommunalt samarbeid, nærings- og kompetanseutvikling. Alt vi gjer er mynta på at det skal være godt å bu og drive verksemd i Setesdal. Vi søkjer nå ein daglig leiar som er engasjert og strukturert med kompetanse og nettverk som går hand i handske med utfordringar og mogligheiter for å skape vekst og utvikling i heile regionen.

Stillinga vil gje deg ein unik moglegheit til å påverke utviklinga i Setesdal slik at regionen utløyser sitt potensial som ein god stad å bu, gjeste og drive verksemd. Vil du vere med å drive regionalt utviklingsarbeid i praksis? Vi søkjer deg som har tru på Setesdal, er fleksibel, engasjert og har kompetanse som kan bidra til dynamikk, vekst og utvikling. Du må trivast imed relasjonsbygging i skjeringspunktet mellom administrasjon og politikk, og ha evne til å drive fram nye satsingar i prosjekt i lag med offentlege og private aktørar. Du trivast i ein hektisk kvardag med leiaransvar, og du vil ha ansvarfor ulike prosjekt og vere initiativtaker og koordinator for arrangement og møte med ulike etatar. Kontorstaden er Valle, men du må rekne med mobile arbeidsdagar og må disponere eigen bil.

Søk og les mer om stillinga her Daglig leiar. 

Les mer om Setesdal Regionråd her.