Ønskjer du å leve det gode liv på bygda?

Du er velkomen til Bykle kommune!

Bykle i Setesdal har store fjellareal, er rik på naturressursar og er heim for Europas sørlegaste villreinstamme. I Bykle har vi mykje av det som er fint å vakse opp med. Kommunen er stor i utstrekning, men det er berre i underkant 1000 fastbuande. Likevel yrer det av menneske der i periodar. Hovden er Sørlandet sin største og beste vinterdestinasjon, og i høgsesong kan det vere over 20.000 menneske i kommunen.

God kommuneøkonomi gjør at kommunen kan sjå langt og satse på mangfald i fritidstilbod, sommar som vinter, kulturopplevingar for livet og ein trygg alderdom.

 For deg som lengtar etter det gode liv på bygda; eit liv som gir mulegheiter til å bygge karriere og samtidig oppretthalde en aktiv kvardag, har vi ledig følgande stilling:

 

Tenesteleiar i helsetenesta

Har du tru på Setesdal og har rett kompetanse, kan du bli med og utvikle helsetenesta i ein spennande og attraktiv kommune. Tenesta er for både Bykle og Valle kommune og består av følgjande deltenester: fastlege, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus.

Det er investert i eit godt helsetilbod som du kan bli med å utvikle vidare. Målet er å skape eit samfunn som gir like gode mulegheiter for alle til god helse og trivsel heile livet.

 Høyrest dette spennande ut og blir du trigga av innovasjon og utvikling, og samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta?

 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller start direkte med søknadsprosessen.